12.04.2016

Biskopens julehilsen - Eit nådefullt fellesskap

Når eg no skriv mi åttande advents- og julehelsing til kyrkjelydane i Stavanger bispedømme, blir det samtidig mi avskjedshelsing etter ein rik og spanande periode. Eg kjem til å avslutte tenesta med same ønske som eg starta med i mi fyrste preik i Stavanger domkyrkje, der eg også feirar siste gudsteneste den 4. desember: «Gud skapar nådefulle fellesskap». Han vil at vi skal leve med ansikta vende mot kvarandre – opne, lyttande, med rom for undring og tvil, men også med ønske om å vere kyrkje for alle som treng ein stad å høyre til: ein stad å leve i nåde.

Eg har møtt frivillige og tilsette, som arbeider for at kyrkjelydane skal vera nådefulle fellesskap. Dei ønsker å ta på alvor det som visjonsdokumentet for Den norske kyrkja har som overskrift: «Meir himmel på jorda». Dei første orda i visjonsdokumentet lyder: «Kyrkja vitnar i ord og gjerning om frelse, fridom og håp i Jesus Kristus». Det er mitt program som biskop: å vitna i ord og gjerning om frelse, fridom og håp i Jesus Kristus.

Eg sat i komiteen i Kyrkjemøtet som formulerte desse orda i 2014, men eg skulle gjerne hatt med meg i den komiteen konfirmanten frå Hinna menighet som svarte dette på spørsmålet «kva er kyrkja for meg?» «Kyrkja er ein plass kor du kan vere fri, tenke og reflektere over Gud, nyte livet, vera stolt over at du er ein del av kyrkjelyden og at du blir sett.» Det er som om konfirmanten kjenner grunnfortellinga om Gud i Bibelen si første bok, der slavekvinna Hagar set dette namnet på Gud «Du er ein gud som ser meg.» For ho sa: «Har eg her verkeleg sett han som ser meg?» (1. Mosebok 16,13)

Desse orda frå Bibelen si fyrste bok er mi julehelsing og avskjedshelsing. Julebodskapen er dette enkle: Gud ser meg med eit blikk av kjærleik og nåde, det blikket vi møter kvar gong velsigninga lyder: «Herren velsigne deg og vare deg! Herren late sitt andlet lyse over deg og vere deg nådig! Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred!».

Gud fekk andlet då Jesus kom til verda, slik at frelse, fridom og von skulle bli meir enn ord.
Kjære alle i Stavanger bispedømme: fortsett arbeidet med å fortelje i ord og handling - om nådens blikk.

Velsigna adventstid! Og takk for eit nådefullt fellesskap i den tida eg har fått dele med dykk.

Erling J. Pettersen
Stavanger biskop