8.09.2015

Kyrkjeverjen er på plass!


Hei!
Etter å ha vikariert for kyrkjeverjen denne våren, blei eg fast ansatt i stillinga frå 1. august. Sjølv om eg har vore med mange år i menighetsrådet, er det ei bratt læringskurve å gå over til å være kyrkjeverje. Eg gler meg til å ta fatt på jobben med det breie arbeidsfeltet den har, alt ifrå den administrative delen til menighetsarbeid og det kjekke samarbeidet med alle frivillige.
No er og kirkekontoret på plass på kommunehuset, og her vil eg være 2 dagar i veka. Ein av desse vil være ein fast kontordag frå 08.30 -14.00. Kva dag det blir kjem eg snart tilbake til.
Du er alltid velkommen innom, eller til å ta kontakt, mail: kirken@kvitsoy.kommune.no, telefon 51736320, eller mobil 90021493. Telefonen er vidarekobla til mobilen dei dagane eg ikkje er på kontoret, så ikkje legg på for tidleg!

Sjåast:)